Ungdata 2020: Ingen auke i psykiske plagar

For første gang på mange år viser den årlege ungdataundersøkinga ingen auke i talet på unge som rapporterer om mange psykiske plagar.
Ung jente med langt mørkt hår ute foran en skole.
Ungdatarapporten viser at det store fleirtalet av norske ungdomar har gode oppvekstsvilkår og eit liv prega av god livskvalitet. Illustrasjonsfoto: Skjalg B. Vold / Ungdata

Norske ungdomar har i mange år rapportert om psykiske helseutfordringar, men no ser det ut som om utviklinga flatar ut.

– Sjølv om tala fortsatt er for høge, er det positivt at norsk ungdom ikkje endå ein gang rapporterer om auke i psykiske helseplagar, seier Anders Bakken, som er leiar av Ungdatasenteret ved NOVA på OsloMet og forfattar av rapporten.

Ungdomskriminaliteten flatar ut

Dei siste åra har også omfanget av ungdomskriminalitet og cannabisbruk auka mellom ungdom. 

– Årets tal viser at det heller ikkje på desse områda har vore nokre store endringar det siste året, seier Bakken. 

Forskaren håpar at dette er eit teikn på at den negative utviklinga no er i ferd med å snu. Han utelukkar likevel ikkje at funna kan ha samanheng med at undersøkinga i 2020 blei meir avgrensa på grunn av koronasituasjonen.

– Om vi ser starten på ein ny utvikling eller ikkje, vil vi få sikrare svar på når tala for neste år er klare, legg han til.

Forsking viser at pandemien har påverka mange ungdomar, og alle målingane i årets rapport er gjort før pandemien slo til med full kraft.

Les heile intervjuet med Anders Bakken på oslomet.no.

Last ned og les rapporten:

Bakken, A. (2020). Ungdata 2020. Nasjonale resultater. NOVA Rapport 16/20 (hioa.no)

Til toppen