Fleire kommunar gjennomfører Ungdata junior

I 2018 vil fleire kommunar gjennomføre Ungdata junior-undersøkingar.
Tvillinger med skolesekk og lekser. Foto: colourbox.com
Med Ungdata junior-undersøkingar får kommunane gode styringsdata i folkehelsearbeidet retta mot barn og unge. Foto: colourbox.com

Ungdata junior er ei spørjeskjemaundersøking til elevar på 5.–7. trinn. Formålet med undersøkinga er å kartleggje dei mest sentrale områda i barns liv. Livskvalitet, helse, venar, skuletrivsel, fritidsaktivitetar og forhold til foreldre er noko av det barna blir spurt om.

Dei første Ungdata junior-undersøkingane blei gjennomført i Asker og Bærum i 2017. I år skal fleire kommunar i gang med undersøkingane, mellom dei Tønsberg kommune.

Auka kunnskap om 10–12-åringar

Alderen 10–12 år er ei brytingstid mellom barndom og ungdom, der mange begynner å reise spørsmål om eigen identitet, og jevnaldrande får meir å seie. Det er ein alder der lausriving frå foreldre startar, samstundes som barna skal gjenkjenne og handtere eigne og andres kjensler. Vanar og perspektiv er endå ikkje sementerte, og endringsutsiktene er difor større i denne aldersgruppa enn blant eldre ungdom.

Per dags dato veit vi likevel mindre om barn i alderen 10–12 år samanlikna med yngre og eldre aldersgrupper. Ungdata junior vil bidra med kunnskap som kommunane kan bruke i arbeidet med tidleg innsats, og i vidareutviklinga av eksisterande tenester for denne aldersgruppa.

Data frå undersøkinga vil også kunne inngå i forskings- og utviklingsprosjekt, for å framskaffe ny kunnskap om barns oppvekstsvilkår.

Ta kontakt med Mette Løvgren for fleire spørsmål om Ungdata junior.

Til toppen