Folkehelseprofilane 2023

No er folkehelseprofilane for kommunar og bydelar publiserte. Tema i år er bumiljø og folkehelse.
Tre ungdommer sitter på kafe og ser ut vindu med ryggen til. Foto: B.A. Ward / Ungdata

Profilane blir laga kvart år av Folkehelseinstituttet og gjev informasjon om helsetilstanden og det som påverkar han.

Folkehelseprofilene er unike rapportar for kvar av landets kommunar, og for bydelane i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Dei gjev informasjon om helsetilstanden og påverknadsfaktorar, og er eit grunnlag for det lokale arbeidet med å betre folkehelsa.   

Data frå Ungdata inngår i folkehelsebarometeret, og i år er også ein ny indikator frå Ungdata-undersøkinga tatt med: «Høg tilfredsheit med livet».

Bumiljø er tema i profilane i år

– Å bu i ein eigna bustad i et godt bumiljø er eit fundament for helse og livskvalitet, og det er grunnen til at vi løftar det fram i folkehelseprofilane. Kommunane kan med sine verkemiddel bidra til at innbyggjarane bur slik at dei kan leve gode liv med moglegheit for å delta i samfunnet, knyte kontakt med andre, og utvikle og utfalde seg, seier Nora Rusås-Heyerdahl i Folkehelseinstituttets redaksjon for folkehelseprofiler til fhi.no. 

Les meir og sjå folkehelsebarometeret på fhi.no.

Til toppen