Gjennomføring på skulane

Ungdata-undersøkingane vert gjennomførte elektronisk på skulane. Elevane svarer på spørsmåla ved å logge seg inn med eit unikt brukarnamn via nettsida svar-ungdata.com. Det må vere ein lærar eller ein annan vaksen til stades i klasserommet under heile datainnsamlinga. For kvar skule skal ein peike ut ein lokal kontaktperson som har ansvaret for datainnsamlinga lokalt.

Oppgåvene til kontaktpersonen på skulane

Kontaktpersonen på skulane vil ha ansvaret for å instruere og fordele eingongskode til lærarar eller andre som skal vere til stades i klasserommet når undersøkinga går føre seg (administrator i klasserommet). Han eller ho skal før undersøkinga få tilsendt så mange eingongskodar som skulen treng. Kontaktpersonen på skulen skal ha oversikt over gjennomføringa lokalt og rapportere tilbake til koordinatoren i kommunen når undersøkinga er avslutta.

Instruks til læraren/administratoren i klasserommet

Det er utarbeidd ein eigen instruks til den læraren/administratoren som er til stades i klasserommet under gjennomføringa. Det er viktig at alle følgjer instruksen, slik at personvernomsyn vert ivaretekne og alle elevane får informasjon om undersøkinga før dei avgjer om dei vil vere med eller ikkje.

Alle skal vite kva som er formålet med undersøkinga, at deltaking er frivillig, at dei kan trekke seg når som helst, at dei kan hoppe over spørsmål, og at det ikkje vil få nokon konsekvensar dersom dei ikkje vil vere med eller ønskjer å trekke seg undervegs.

Administrator skal lese ein informasjonstekst høgt for klassen eller vise ein informasjonsfilm FØR eingongskodane blir delte ut til elevane. På denne sida kan du sjå informasjonsfilmane.

Beredskap for elevar som ønskjer nokon å snakke med etterpå

Koordinatoren i kommunen skal i samarbeid med kontaktpersonen på skulen sørgje for naudsynt beredskap dersom elevane ønskjer nokon å snakke med etter undersøkinga. Elevane skal få oppgitt kontaktinformasjon til helsesøster/helsesjukepleiar og/eller andre relevante hjelpetenester i kommunen som skal verte informerte før undersøkinga og vere tilgjengelege i undersøkingsperioden.

Ved tekniske problem

Dersom elevane ikkje får logga seg inn til undersøkinga eller det oppstår andre tekniske problem med undersøkinga, gir vår dataleverandør Rambøll teknisk brukarstøtte til kommunar og skular som gjennomfører Ungdata-undersøkingar (40 90 33 00 / skjemasupport@ramboll.no).

Til toppen