Ansvarsfordeling
Det er NOVA og dei regionale kompetansesentra innan rusfeltet som har det faglege ansvaret for undersøkinga, medan kommunen/fylkeskommunen står for den praktiske gjennomføringa lokalt. Kommunen/fylkeskommunen inngår ei avtale med KORUS og NOVA, der pliktene til partane i samarbeidet vert fastsette.
KORUSet har ansvar for planlegging av undersøkingane
Etter at kommunen/fylkeskommunen har bestemt seg for å gjennomføre ei Ungdata-undersøking, må ein gjere greie for målet med undersøkinga. Dette bør ein gjere i dialog med KORUS som deretter hjelper kommunen/fylkeskommunen med å setje saman spørjeskjemaet. Ein bør vidare drøfte korleis resultata skal verte brukte og formidla. KORUS sit med lokalkunnskap om regionen sin, har oversikt over andre Ungdata-undersøkingar som vert gjennomførte i regionen, og kan ha ei koordinerande rolle i interkommunalt samarbeid. KORUS formidlar også standardrapportar frå undersøkinga til kommunen/fylkeskommunen kort tid etter gjennomføringa.
NOVA har ansvar for personvern og drifting av databasen
KORUS gjennomfører undersøkingane i samarbeid med NOVA. NOVA står som juridisk ansvarleg for alle Ungdata-undersøkingane og står som eigar av alle data som vert samla inn. NOVA skal sørgje for at undersøkingane vert gjennomførte i tråd med vilkåra i personopplysningslova, og at krava til prosedyre, informasjon og datatryggleik vert følgde.
I all hovudsak vert det ikkje samla inn personidentifiserande opplysningar i Ungdata-undersøkingane, men i enkelte tilfelle kan ein kombinasjon av opplysningar frå fleire spørsmål føre til at det vert samla inn indirekte personidentifiserande opplysningar. Om ein kan rekne ei undersøking som anonym eller ikkje, avheng av kva slags spørsmål som er med i spørjeskjemaet, og kor mange respondentar som er med. Dersom NOVA vurderer at ei planlagt undersøking vil kome til å samle inn indirekte personidentifiserande opplysningar (ikkje-anonyme data), er innsamling, oppbevaring og bruk regulert gjennom personopplysningslova, og ein må melde prosjektet til personvernombodet for forsking.
NOVA har ansvaret for at den tekniske løysinga for datainnsamlinga fungerer slik ho skal. Etter at undersøkinga er avslutta, er det NOVA som klargjer og oppbevarer data i den nasjonale databasen. Rambøll produserer standardrapportar frå undersøkingane.
Kommunen/fylkeskommunen står for gjennomføringa lokalt
Kommunen/fylkeskommunen har ansvaret for den praktiske gjennomføringa lokalt.
Kommunen/fylkeskommunen må utnemne ein Ungdata-koordinator som skal leie planlegginga og gjennomføringa av undersøkinga. Koordinatoren har ansvar for å sjå til at kommunens/fylkeskommunens ansvar i samarbeidet om Ungdata blir ivaretatt.
Det vil vere koordinator si oppgåve å rekruttere, motivere og rettleie skular som skal delta i undersøkinga, samt å sørgje for at skulen gjennomfører undersøkinga etter dei prosedyrar og retningslinjer NOVA har satt. Dette vil mellom anna vere å sørgje for at føresette og elevar blir informerte om undersøkinga i god tid, og sørgje for at lærarane og skuleleiinga gjer ein innsats for å samle inn data.