Klar auke i psykiske plagar hjå unge

Gjennomgang av forskingslitteratur og analysar av tre Ung i Oslo-undersøkingar viser at det har vore ein klar auke i ungdom som slit med psykiske vanskar.
Alvorlig ungdom med høretelefoner og lue ser i kamera. Foto: colourbox.com
Rapporten viser at det har vore ein auke i psykiske vanskar i løpet av ein 30-årsperiode, særleg blant unge jenter. Foto: colourbox.com

Dette NOVA-notat frå Mira Aaboen Sletten og Anders Bakken skrive på oppdrag frå Helsedirektoratet gjev ei oversikt over forsking om psykiske plagar mellom ungdom. I tillegg har forskarane sett nærare på korleis utviklinga av depressive symptom har vore hjå osloungdom i alderen 14 til 17 år frå 1996 til 2015.

Målet med notatet er å gje eit oppdatert bilete av kva nyare forsking fortel om endringar i omfanget av psykiske plagar blant ungdom i løpet av dei siste 10–30 åra, og å skildre den føreliggjande kunnskapen om miljømessige forklaringer til endring.

Godt dokumentert auking av psykiske plagar

Litteraturgjennomgangen finn relativt god dokumentasjon for at det har vore ein auke i psykiske vanskar i løpet av ein 30-årsperiode, særleg blant unge jenter.

– Erfaringane frå internasjonale studiar passar dermed godt med resultata frå norske ungdomsundersøkingar, seier Sletten. – Desse har vist ein auke i psykiske plagar blant ungdom frå tidleg 1990-tal og framover.

Samstundes er resultata frå dei ulike studiane ikkje heilt eintydige. Parallelt med studiar som finn ein auke i problemomfanget, er det studiar som tydar på stabilitet (og nedgang). Særleg er det uklart om omfanget av psykiske vanskar har fortsett å auke utover på 2000-talet. Ein del av studiane som dekkjer denne perioden, peikar mot stabilitet heller enn auke i omfanget av psykiske vanskar.

Kva er årsakane til aukinga?

Studiar som tek føre seg miljømessige forklaringar på endringane, er korkje mange eller eintydige. Dermed sit ein igjen med fleire spørsmål enn svar etter gjennomgangen, skriv Sletten. Men eit forhold er relativt godt dokumentert, nemleg at aukinga i antal unge som berre bur med ein av sine biologiske foreldre, ikkje forklarar aukinga i psykiske vanskar blant ungdom.

Sosiale media og negativt kroppssyn

Tilgang på digital underhaldning og sosiale medium er eit område i ungdoms liv der det har skjedd store endringar dei siste tiåra. Så langt manglar det lange tidstrendar med gode data på dette feltet.

Kunnskapsoppsummeringa konkluderer med at framtidig forsking bør sjå nærare på korlieis ungdoms bruk av sosiale media spelar saman med andre kjende risikofaktorar for psykiske helseplagar – som for eksempel relasjonar til jevnaldrande og eit negativt forhold til kropp og utsjånad.

– Eit annet tema vi treng meir kunnskap om, er ungdoms forhold til skule og utdanning, og særleg skulestress hjå jenter, avsluttar Sletten.

Kva viser Ung i Oslo-undersøkingane?

Anders Bakken har analysert data frå Ung i Oslo-undersøkingane i 1996, 2006 og 2015 i del to av notatet. Analysane viser ein nokså kraftig auke i førekomsten av selvrapporterte depressive symptom i løpet av dei siste 20 åra, og da særleg blant jenter. Aukinga har vore størst det siste tiåret, der endringane har vore vesentlege.

Berre i løpet av perioden frå 2006 til 2015 har omfanget av jenter i alderen 14 til 17 år i Oslo, som har eit høgt nivå av depressive symptom, auka frå 17 til 26 prosent. For gutar har andelen med høgt nivå vore stabil sidan målinga i 2006, etter ei auke frå ni til elleve prosent i perioden 1996 til 2006.

– Samstundes har andelen av gutane som ikkje er plaga i det heile, auka fra åtte til 13 prosent, noko som kan tyde på at det over tid er ei aukande polarisering i rapporteringa av depressive symptom blant gutar, meinar Bakken.

– Konklusjonen er difor at det er rimeleg å gje eit «ja»-svar på spørsmålet om vi ser omriss av eit skifte i kva typar ungdom som er risikoutsette.

Analysane tydar på at det å ha norske foreldre eller det å gjere det godt på skulen, ikke lenger «beskyttar» ungdom frå å vere plaga av depressive symptom. Samstundes har forskarane dokumentert at nokre av dei tradisjonelle risikoutsette og sårbare gruppene (dei som mistrivest på skulen) ikkje berre fortsatt er meir utsette enn andre, men i enda større grad enn tidlegare.

Om notatet

Notatet er todelt. Den første delen er skrive av Mira Aaboen Sletten. Ho har laga ei kunnskapsoppsummering basert på føreliggjande forsking. Den andre delen er skrive av Anders Bakken, og er ein empirisk analyse av tre kohortar osloungdom.

Last ned, ting eller les notatet:

Psykiske helseplager blant ungdom – tidstrender og samfunnsmessige forklaringer, NOVA Notat 4/16
Mira Aaboen Sletten & Anders Bakken

Til toppen