Korleis bruke Ungdata?

Kompetansesentra for rus i Noreg (KORUS) har laga ein nettressurs med eksempel på korleis ein kan bruke alle dataa som blir samla inn i Ungdataundersøkingane.
Ungdom foran skjerm. Foto: Sara Anne Warhuus

Nettsidene blir lansert på konferansen Ung i Agder som finn stad 9.-10. november 2022.

Ungdataundersøkingane gjev eit tydeleg bilde på korleis born og unge i ditt nærmiljø har det. Men korleis kan du bruke tala i praksis?

Om nettressursen

Ungdataundersøkinga omfattar fleire viktige tema i barn og ungdoms liv, som skule, fritid, vener, familie, psykisk helse, bruk av rusmiddel og mykje meir. Ungdata blir allereie brukt på mange måtar, av ulike fagfolk, kompetansemiljø, forskingsmiljø, samfunnsplanleggarar og praksisfeltet.

Nettressursen er laga med eit ønskje om å inspirere alle som bryr seg om barn og unges oppvekstvilkår, til å fortsette det gode arbeidet som allerede blir gjort, og at dei gode erfaringane kan gje kommunar og fylkeskommunar nokre idear til utvida bruk av Ungdata.

Medan Forskingsinstituttet NOVA har det nasjonale ansvaret for undersøkingane, er det KORUS som saman med kommunane og fylkeskommunane planlegg og gjennomfører Ungdata.

Engasjement og utviklingsarbeid

KORUS ønsker å bidra til å skape lokalt engasjement om undersøkingane, og håper at denne nettressursen kan bidra til betre dialog med ungdom, føresatte og andre om oppvekstvilkår, skule- og fritidsarenaar.

Ungdataundersøkingane gjev datagrunnlag for planarbeid og anna utviklingsarbeid, og for færebyggingsinnsatsar og konkrete tiltak. Dette blir belyst i nettressursen gjennom intervjuar og artiklar frå heile landet.

KORUS erfarar at Ungdata har blitt eit nyttig verktøy for kommunar og fylkeskommunar når dei skal identifisere lokale utfordringar og trendar, og vidare i planlegging og evaluering av tiltak retta mot fremtidas barn og unge.

Kva kan KORUS bidra med?

KORUS kan bidra på ulikt vis i det arbeidet som skjer etter at Ungdata-resultata er klare, mellom anna:

  • Med å diskutere dei lokale Ungdata-resultata
  • Ta imot innspel til spørreskjemaet
  • Bistå med å arrangere ein fagdag lokalt
  • Bistand i å bruke undervisningsopplegg knytt til TV-serien RUS, der det er tilrådd å vise lokale Ungdata-tal
  • Tilgang på rådata frå undersøkinga til bruk i eigne analysar

Her kan du utforske den nye nettressursen (korus.no).

Foto: Sara Anne Warhuus

Til toppen