Korleis har ungdom i distrikta det?

Ungdomane på bygda har tette nettverk og sterke relasjonar med dei eldre generasjonane. Dette skapar tradisjonar, tryggleik og ei kjensle av tilhøyrsle, viser ny NOVA-rapport. Men ikkje alt er positivt.
Ungdom samlet rundt et bål i skogen om kvelden.
Mange jenter seier dei vil flytte frå bygda. Det er jentene som ikkje har planar om høgare utdanning, som i størst grad ønskjer seg ut. Foto: Tegan Mierle, Unsplash

NOVA-forskar Ingunn Marie Eriksen har saman med kollega Patrick Lie Andersen undersøkt korleis bygdeungdom har det.

Ungdomsliva på bygda er prega av sterke band, tilhøyrsle og aktiv deltaking i lokalsamfunnet. 

Bygdas bakside 

Samtidig ser forskarane ei bakside ved dei sterke banda på bygda.  

– Saman med sterke sosiale band og tilhøyrsle kjem meir press for å passe inn, sosial kontroll og jantelov. Vi ser at det kan vere vanskeleg å skilje seg ut i ei lita bygd. Dei som skil seg ut eller kjem som innflyttarar, kan streve med å finne sin gjeng, seier Ingunn Eriksen.  

Forskarane finn at det også er vanskelegare for ungdomane å få hjelp på bygda hvis dei først slit.   

– Ungdomstida i distrikta er altså for nokon meir prega av press for å passe inn og utestenging enn ellers i landet, understrekar Eriksen.  

Rapporten er andre og siste del av eit større forskingsprosjekt på oppdrag frå Distriktssenteret. Målet har vore å undersøkje korleis det er å vere ung i Distrikts-Noreg, og korleis ungdomane ser for seg fremtida si. Forskarane nyttar data både frå Ungdata (kvantitative data) og prosjektet Ungdom i endring (kvalitative data).

Les heile intervjuet med Ingunn M. Eriksen på oslomet.no

Last ned rapporten 

Eriksen, I.M. & Andersen, P.L.: Ungdoms tilhørighet, trivsel og framtidsplaner i Distrikts-Norge. En flermetodisk analyse av betydningen av bosted, kjønn og sosioøkonomiske ressurser (fagarkivet.oslomet.no). NOVA-rapport 2/21 

Les meir om forskingsprosjektet Ungdom i endring (oslomet.no)

Til toppen