– Vi er svært glade for at Kulturdepartementet har løyvt midlar slik at vi kan halde fram med samarbeidet som blei starta i 2016, seier leiar for Ungdatasenteret, Anders Bakken.
Han vil leie den nye satsinga, som inneheld fleire delprosjekt, saman med Åse Strandbu frå Norges idrettshøgskule.
Forskarane skal undersøke fire ulike tema:
- deltaking i barneidrettane og kontroversane rundt korleis barneidretten er organisert
- konsekvensar av pandemien på idrettsdeltakinga til dei unge
- kva prosessar i ungdoms liv som bidreg til at ungdom bestemmer seg for å fortsetje eller slutte i ungdomsidretten
- omfanget av seksuell trakassering og andre negative hendingar i ungdomsidretten
Prosjektet vil ta i bruk spørreskjemadata frå Ungdata og Ungdata junior, i tilllegg til kvalitative, longitudinelle intervjudata frå undersøkinga Ungdom i endring (uni.oslomet.no).
– Resultata vil ha relevans for politikkutforminga på idrettsfeltet retta mot barn og unge, påpeikar Bakken.
Studien byggjer på prosjektet: Idrettens posisjon i ungdomstida (oslomet.no).