Rapportering og vidare bruk av data

Kort tid etter gjennomføringa får kommunen tilsendt rapportar med resultat frå undersøkinga si.

Rapportering og bruk av data

Etter at den lokale datainnsamlinga er avslutta, vert dataa lagra hos NOVA, og vil saman med data frå andre Ungdata-undersøkingar verte lagde inn i ein nasjonal database.

Kommunen får rapportar med resultat frå undersøkinga si, og ein nøkkeltalsrapport der tal frå eigen kommune vert samanlikna med nasjonale tal.

Rapportene inneheld:

  • svaråtferd på alle ferdigdefinerte spørsmål (obligatoriske og valfrie)
  • alle ferdigdefinerte spørsmål fordelt på kjønn
  • alle ferdigdefinerte spørsmål fordelt på klassetrinn
  • nøkkeltalsrapport der utvalde indikatorar vert samanlikna med nasjonale tal

Dei som ønskjer rapportar med eigenkomponerte spørsmål og andre typar spesialrapportar må bestille dei direkte frå Rambøll via Ungdataportalen. Det er no Rambøll som administrerer bestillingane og faktureringa (ikkje NOVA som tidlegare). Normalt får kommunen ikkje resultat på skulenivå, men ein kan bestille spesialrapportar for alle skulenivåa.

Ønskjer kommunen meir inngåande rapportar frå undersøkinga, må det gjeres eigne avtaler med NOVA, KORUS eller andre aktørar, som universitet, høgskular, forskingsinstitutt eller private analysefirma. KORUS har tilgang til den nasjonale databasen gjennom ei standardavtale med NOVA. Andre aktørar som skal ha tilgang til data, må inngå ei avtale med NOVA som regulerer bruken. Dette gjeld både kommunen sjølv og eventuelle eksterne aktørar som skal analysere data på vegne av kommunen.

Samanlikning med nasjonale tal

Gjennomførte Ungdata-undersøkingar inngår i ein større database som inkluderer alle ungdomsundersøkingar som er gjennomførte i regi av Ungdata sidan 2010. NOVA publiserer årleg nasjonale tal basert på alle gjennomførte Ungdata-undersøkingar. Dei nasjonale tala vert brukte som samanlikningsgrunnlag i nøkkeltalsrapportane. Nøkkeltalsrapportane er offentlege og vert publiserte på heimesidene til Ungdata, slik at det er mogleg å samanlikne eigne resultat med resultat frå andre kommunar.

Med jamne mellomrom vil ein også publisere nasjonale rapportar, som inkluderer data frå alle kommunane som har gjennomført Ungdata-undersøkingar i ein gjeven periode.

Formidling, analyse og lokalt ungdomsarbeid

Fordi Ungdata gjev samanliknbar kunnskap om oppvekstsituasjonen til ungdom, er ungdomsundersøkingane eit nyttig verktøy for å identifisere problemområde og for utvikling, planlegging og evaluering av kommunalt arbeid retta mot ungdom. Med den lokale forankringa er Ungdata eigna til å skape lokalt engasjement, og resultata kan verte brukte til å kome i dialog med ungdom, foreldre, skular eller andre aktørar.

Ungdomsundersøkingar som vert gjennomførte i fleire nabokommunar samtidig, er dessutan eit godt utgangspunkt for interkommunalt samarbeid om førebygging retta mot ungdom. I dette arbeidet vil KORUS kunne ha ei aktiv rolle, både som initiativtakar og gjennom fagleg bistand til kommunen.

Til toppen