Planlegging lokalt

Ungdata-undersøkingane skal forankrast på ansvarleg nivå i kommunen (f.eks. kommunalleiaren). Ein skal vidare utnemne ein kommunal koordinator som har ansvaret for å oppfylle pliktane til kommunen i Ungdata-samarbeidet. Det er koordinatoren som har ansvaret for å motivere skulane før undersøkinga, å sjå til at føresette og elevar får tilstrekkeleg informasjon, samt å rettleie skulane i den praktiske gjennomføringa.

Forankring og ansvarsfordeling i kommunen

Den kommunale/fylkeskommunale koordinatoren skal leie planlegginga av undersøkinga på kommunalt/fylkeskommunalt nivå. For best mogleg gjennomføring og utnytting av data er det viktig at tiltaket er tilstrekkeleg forankra i administrasjonen og i politiske utval/kommunestyret. Det kan vidare vere lurt å setje ned tverretatlege arbeidsgrupper, slik at undersøkinga får brei oppslutning. Følgjande spørsmål bør ein greie ut før undersøkinga:

  • Kva er formålet med undersøkinga?
  • Kva slags tema skal ein sjå nærmare på?
  • Kva slags etatar/instansar i kommunen kan ha nytte av undersøkinga?
  • Korleis skal resultatet frå undersøkinga verte formidla og brukt i ettertid?
  • Kva slags etatar/instansar skal ha ansvaret for å følgje opp når resultatet ligg føre?

Å motivere og følgje opp skular

For å kunne samle inn gode data er kommunen heilt avhengig av at skulane får god informasjon. Skulane må difor verte inkluderte tidleg i prosessen. Dei bør få moglegheit til å kome med innspel når det gjeld kva slags temaområde ein skal prioritere i undersøkinga, når ein skal gjennomføre undersøkinga, og korleis ein skal formidle og bruke dataa i ettertid. Før og under gjennomføringa må den kommunale koordinatoren for undersøkinga ha tid og moglegheit til ei relativt tett oppfølging av dei skulane som skal delta i undersøkinga.

Å informere elevar og føresette 

KORUS og NOVA utarbeider informasjonsbrev til elevar og føresette før undersøkinga. Normalt vil det vere KORUS i regionen som formidlar breva til kommunen/fylkeskommunen, og det er koordinatoren som har ansvaret for å sjå til at elevar og føresette får informasjonen. Ein må sende ut breva minst to veker i førevegen, og breva skal gå gjennom dei kanalane skulane normalt bruker for å nå ut med viktig informasjon, til dømes via elektronisk post eller vanleg brevpost. Ranselpost er ikkje tilstrekkeleg. Det kan i tillegg vere lurt å informere om undersøkinga på nettsidene til skulen og kommunen/fylkeskommunen og i lokalavisene.

Å melde inn opplysningar for undersøkinga

Alle kommunar/fylkeskommunar må registrere nødvendige opplysningar som NOVA trenger for å sette opp for å gjennomføre undersøkinga. Dette gjøres via eit innmeldingsskjema som blir tilsendt koordinatoren fra KORUS/NOVA. Blant anna vil dette være opplysningar om skulenes kontaktinformasjon og om kor mange elevar per skule som skal delta i undersøkinga.

I rettleiaren for Ungdata kan det leses meir om innmeldingsskjemaet og retningslinjer for undersøkinga.

Til toppen