Informasjon til kommunar og fylkeskommunar

Her finn du rettleiing og tips om korleis du går fram for å gjennomføre ei Ungdata-undersøking.

Her kan du se Ungdatas informasjonsfilmer som skal vises til alle elever før undersøkelsen skal gjennomføres (oslomet.no).

Å kome i gang

Ein kommune som ønskjer å gjennomføre ei Ungdata-undersøking, må først ta kontakt med kompetansesenteret innan rusfeltet (KORUS) i regionen sin. Det er NOVA og dei regionale kompetansesentra innan rusfeltet som har det faglege og det juridiske ansvaret for undersøkinga, medan kommunen står for den praktiske gjennomføringa lokalt. Kommunen inngår ei avtale med KORUS og NOVA, der pliktene til partane i samarbeidet vert fastsette.

Les meir om å kome i gang her.

Spørjeskjemaet

Spørjeskjema består av tre typar spørsmål: obligatoriske spørsmål, valfrie spørsmål og eigenkomponerte spørsmål. Det skal normalt ikkje ta meir enn ein skuletime for ungdomane å svare på undersøkinga. Med ei slik tidsramme utgjer dei obligatoriske spørsmåla litt over halvparten av spørsmåla i spørjeskjemaet. Val av tilleggsspørsmål til den lokale delen av undersøkinga skal kommunen gjere i dialog med KORUS i regionen og NOVA.

Les meir om spørjeskjemaet her.

Planlegging lokalt

Ungdata-undersøkingane skal forankrast på ansvarleg nivå i kommunen eller fylkeskommunen (f.eks. kommuneleiinga/fylkeskommuneleiinga). Ein skal vidare utnemne ein kommunal Ungdata-koordinator som har ansvaret for å oppfylle pliktene til kommunen i ungdatasamarbeidet. Det er koordinatoren som har ansvaret for å motivere og rekruttere skulane før undersøkinga, å sjå til at føresette og elevar får tilstrekkeleg informasjon, samt å rettleie skulane i den praktiske gjennomføringa. 

Les meir om planlegging lokalt.

Gjennomføring på skulane

Ungdata-undersøkingane vert gjennomførte elektronisk på skulane. Elevane svarer på spørsmåla ved å logge seg inn med ein unik eingongskode. Det må vere ein lærar eller ein annan vaksen til stades i klasserommet under heile datainnsamlinga. For kvar skule skal ein peike ut ein lokal kontaktperson som har ansvaret for datainnsamlinga lokalt. 

Les meir om gjennomføring på skulane.

Rapportering og vidare bruk av data

Etter at den lokale datainnsamlinga er avslutta, vert data lagra hos NOVA. Som ei standardrapportering frå Ungdata, får kommunen eit standardsett med rapportar med resultat frå undersøkinga si, og ein nøkkeltalsrapport der tal frå eigen kommune vert samanlikna med nasjonale tal. 

Les meir om rapportering og vidare bruk av data.

Rettleiar for kommunar og fylkeskommunar

Ungdata har utarbeidd ein rettleiar for kommunar og fylkeskommunar som gjennomfører ei Ungdata-undersøking. I denne finn du informasjon om korleis du tingar og gjennomfører undersøkinga.

Rettleiaren gir informasjon om kommunens/fylkeskommunens ansvar og oppgåver som man må setje seg inn i. Rettleiaren skal òg kunne fungere som eit «oppslagsverk» om alt som er relevant når det gjeld Ungdata for kommunar/fylkeskommunar. Du kan laste ned rettleiaren ved å klikke på ein av lenkane under:

Tips om gjennomføring i kommunar og fylkeskommunar

Treng du tips til korleis Ungdata kan gjennomførast og nyttast i din kommune eller fylkeskommune? Les meir om erfaringar og tips her.

Til toppen