Informasjon til kommunar

Her finner du rettleiing og tips om korleis du går fram for å gjennomføre ei ungdataundersøking.

Å kome i gang

Ein kommune som ønskjer å gjennomføre ei ungdataundersøking, må først ta kontakt med kompetansesentret innan rusfeltet (KoRus) i regionen sin. Det er NOVA og dei regionale kompetansesentra innan rusfeltet som har det faglege ansvaret for undersøkinga, medan kommunen står for den praktiske gjennomføringa lokalt. Kommunen inngår ei avtale med KoRus og NOVA, der pliktene til partane i samarbeidet vert fastsette.

Les meir om å kome i gang.

Spørjeskjemaet

Spørjeskjema består av tre typar spørsmål: obligatoriske spørsmål, valfrie spørsmål og eigenkomponerte spørsmål. Det skal normalt ikkje ta meir enn ein skuletime for ungdomane å svare på undersøkinga. Med ei slik tidsramme utgjer dei obligatoriske spørsmåla litt over halvparten av spørsmåla i spørjeskjemaet. Val av tilleggsspørsmål til den lokale delen av undersøkinga skal kommunen gjere i dialog med KoRus i regionen og NOVA.

Les meir om spørjeskjemaet.

Planlegging lokalt

Ungdataundersøkingane skal forankrast på ansvarleg nivå i kommunen (f.eks. rådmannen eller kommunalleiaren). Ein skal vidare utnemne ein kommunal koordinator som har ansvaret for å oppfylle pliktane til kommunen i ungdatasamarbeidet. Det er koordinatoren som har ansvaret for å motivere skulane før undersøkinga, å sjå til at føresette og elevar får tilstrekkeleg informasjon, samt å rettleie skulane i den praktiske gjennomføringa. 

Les meir om planlegging lokalt.

Gjennomføring på skulane

Ungdataundersøkingane vert gjennomførte elektronisk på skulane. Elevane svarer på spørsmåla ved å logge seg inn med eit unikt brukarnamn via nettsida ungdata.no. Det må vere ein lærar eller ein annan vaksen til stades i klasserommet under heile datainnsamlinga. For kvar skule skal ein peike ut ein lokal administrator som har ansvaret for datainnsamlinga lokalt. 

Les meir om gjennomføring på skulane.

Rapportering og vidare bruk av data

Etter at den lokale datainnsamlinga er avslutta, vert data lagra hos NOVA. Som ei standardrapportering frå Ungdata får kommunen et standardsett med PowerPoint-rapportar med resultat frå undersøkinga si og ein nøkkeltalsrapport der tal frå eigen kommune vert samanlikna med nasjonale tal. 

Les meir om rapportering og vidare bruk av data.

Tips om gjennomføring 

Treng du tips til korleis Ungdata kan gjennomførast og nyttas i din kommune? Les meir om erfaringar og tips her.

Last ned filar

Rettleiar for kommunane (pdf)

Veilder for kommuner (pdf)